Sundag - Eg vaknar tidleg til ein lang dag. Når dei siste medseglarane var komne, vart det mønstring og introduksjon av crew og skip, før ein framskunda start på skipsparaden ut Byfjorden til startlina utanfor Kvitsøy. Brått måtte det folk på rærne for å løysa seisingane og frigjera segla så alt skulle vera klart til start. Timane var lange for ein annig sjel fram til racestart kl 18. Når ein til sist nærma seg lina - i form av to kystvaktskip - skulle det brygga opp til dramatikk. Det var fleire skip som ville uvørdent kryssa lina samstundes, og om desse vart det brukt temmelig fargerike skildringar. Sørlandet vart nøydd til å fyra opp att motoren eit kort minutt for å avverje samanstøyt med ei skute som ikkje veik når ho skulle. Framleis er eg usikker på om det vart straffetid eller ikkje. Vél til havs fekk ein nok av tauverk å hala i når segla skulle brasast og strekkast for å maksimalt utnytta det vetle som fanst av vind. Uerfarne hender vart fort trøytte, og senga var ei kjærkomen utfriing for dei fleste.

Måndag - Eg vaknar rundt 03:00, sjølv om vakta skulle vera frå 04:00 til 08:00. Det var mest ingen vind og me kom oss knapt fram. Vestanfor oss var det ei vindlomme me ikkje fekk smaka på medan straumen reiv oss nordover. Dagen fekk ein brukt til fintrimming av segl og “pugging” av løpande rigg.

Tysdag - Eg vaknar rett før mitt skift skulle vekkast til eit nytt tilvære. Det er sørleg vind i segla og skipet går vestover. Me trimmar segla inn i ein nydelig soloppgong. Både før og etter 16-20 økta vart det gjort stagvending, og eg fekk vera med på begge. Det var mykje tempo og heite ord, men god stemning, og som følgje av vendingane vart det mykje finjustering å gjera etterpå samt tauverk å skvera opp. Sanneleg fekk eg øvd meg på det. Triveleg var det også når ein flokk delfinar ville halde fylgje med Sørlandet ei stund.

Onsdag - Vekt i GOD tid før ei stagvending. På slaget 05:38 keik sola fram over horisonten, og ein kunne sjå siluetten av eit skip som var lengre vekke enn ein kunne sjå utan motljoset. Morgonen bar preg av det alle skjønte ville hende - at racet skulle blåsast av. Det vart i alt gjort to vendingar på føremiddagen for å kara oss lengst fram i løypa før racet vart blåst av klokka 14. Motoren var fyrt opp att, segla vart bergja og ein måtte kome seg til Halmstad innan fristen på fredag. Å klatra på rærne og stuva segla inn i seg sjølve var eit trøytande arbeid for rygg og bein som knapt hadde feste, men eg jobba gladeleg så mykje eg kunne. Eg meinte det var det eg var der for. Til havs er skipet alfa og omega og for seglskuter er det handemakta som gjeld, og då tykkjer eg bør ein trå til om ein har krafta til det. Det gjorde også litt godt når medseglarar anerkjende at eg jobba meir enn dei fleste.

Torsdag og Fredag - Søvnen sit langt inne. Sørlandet dura for full motor, stagsegla vart tekne ned, falda saman og stuva bort, og pussinga tok til for at ho skulle sjå fin ut i hamn. Ledige hender lærde knutar, og hjalp til hist og pist. Då eg reiste fekk eg tid til å tenkja over dei venene eg hadde fått meg, skipet eg fekk ein forkjærleik for og seilasa eg vona eg får vera med på i framtida!

Eg ynskjer Sørlandet ei god framtid! Beste helsing, Olav Andreas Opedal

Skuteposten